Se betalt – Alt. 2
Se betalt – Alt. 1
Se gratis
Org.nr 933 570 916
Kopiert!
Nessemaskin.no
Stengt i dag Vis uke
Dei små og tungdrivne gardsbruka langs Sognefjorden gav minimalt med inntekter. Sal av vanelege gardsprodukt som ost, smør, kjøt, skinn, ull, frukt og bjørkeved («byved») var vanskeleg. Erling Nesse starta firmaet AS Erling Nesse som attenåring i 1897, under svært så vanskelege kår, i den vesle veglause bygda Nessane ved Sognefjorden. Eigen fraktebåt vart skaffa. Oppkjøp og sal av varer frå bøndene langs fjorden vart løysinga for å halde liv i forretninga, i tillegg til produksjon av både rullepølser og pinnekjøt. Dei finaste pærene og epla blei handsveipt i silkepapir med reklame på, som igjen vart lagt i eigne fruktkassar av papp.